,TILBAKE TIL
HOVUDSIDE,HRV, Liste til kommunevalet ,Kva vil vi?,Fylkesprogram,Skulevalkampen,Lenker
,Myter om RV,Artiklar,KONTAKT OSS
KVIFOR SKULLE EG BLI SOSIALIST
Ganske åpenlyst, eigentleg. Først og fremst på grunn av den utrulig destruktive effekten kapitalismen gir, til dømes det at 40 000 menneske svelt ihel kvar dag,
medan det samtidig blir brent korn i dei vestlege landa for å
auke prisane. Det at ein liten minoritet av verdas folk lever i
kvelande luksus, medan massene lever i ytterste fattigdom og
heimløyse. Det at kapitalismen øydelegg planeten og ressursene
våre i ein sjukeleg kamp for profitt
Det er på grunn av dette at verda må endrast, og til det er det
berre eit ekte alternativ: (Revolusjonær) Sosialisme.
Men døydde ikkje sosialismen då Berlinmuren fall?
NEI, heile den aust-europeiske, sovjetiske sosialismen var ein statskapitalistisk sjukdom, å kalle det sosialisme ville vere like bra som å seie at nazismen var kristendom. Dei aust-europeiske landa sitt fall har ingenting å gjere med kampen for den ekte sosialismen.
Klart, eg er enig i at det er mange ting som det må gjerast noko med, men er det ikkje betre å reformere og forandre det systemet vi har no?
Nei, vi har jo sett her i Skandinavia korleis det sosialdemokratiske systemet har floppa. Ved å bruke sakte reformer har dei aldri klart å komme til kjerna i problema, kapitalisme og kapitalistane. Fordi dei ikkje tok makta(politisk og økonomisk) vekk frå dei med den skulte makta, kapitalistane, kunne kapitalistane manipulere dei og fortsatt styre økonomien og landet den vegen dei ville. Idag er dei nordiske sosialdemokratane berre eit tomt skal, ein skugge av det dei ein gong var, ei rørsle utan ein ideologi, berre nikkedokker under kapitalistane. Ingen har hatt suksess med å forandre samfunnet med treige reformer.
OK, ok, sosialisme har nokre gode idear, men eg likar ikkje vold, og ville ikkje ein revolusjon føre til mykje av det?
Nei, ein revolusjon treng ikkje å ha noko med vold å gjere. Ordet revolusjon betyr berre "ei drastisk eller total forandring", som til dømes det å kaste ei regjering eller eit politisk system.
Marx, Engels og Lenin døydde for leeenge sidan, er ikke ideane deira utdaterte og døde?
Nei, dei økonomiske og politiske teoriene deira kan verke gamle, men sett som heilskap er dei nyttige og nøyaktige idag og. Men, når ein brukar dei gamle marxistiske teoriene, må ein tenke over tida dei var skrivne i, og så prøve å overføre dei til forholda idag.
Eg er aktiv i mange organisasjonar; Amnesty, Naturvernforbundet, Nei til EU, fagforeninga, osv. Er ikkje dette nok?
Amnesty kan løyslate nokre fangar, NF kan stoppe enkelte rovdrifter på naturen, Nei til EU kan muligens stoppe nokre av dei verste overtrampa, og fagforeninga kan auke lønna og betre forholda for nokre arbeidarar, osv. Sjølvsagt er dette saker som det er verd å kjempe for, men ingen av desse organisasjonane skjer inn til det eigentlege problemet. Gjennom ein sosialistisk revolusjon kan ein løyslate ALLE politiske fangar i et land, stoppe ALL miljøfiendtleg verksemd, stoppe ALL økonomisk urettferd, osv. Berre ein sosialistisk revolusjon kan løyslate menneska fra alle problema.
OK, sosialisme verkar ganske rett, men politikk er skikkeleg kjedeleg. Korleis kan nokon orke å vere politisk aktiv?
Politikk treng ikkje om å vere kjedeleg. Parlamentarisk arbeid, lange meiningslause møte, osv., kan vere ekstremt kjedeleg, men desse tinga er berre nokre av dei politiske aktivitetane ein kan vere med på. Ver kreativ!! Det blir så moro som du gjer det til sjøl! Arranger ein konsert/fest og gi pengane til dei som treng det, f.eks kameratar i Afrika eller Latin/Sør-Amerika.
Greit, greit du har overbevist meg. Kva gjer eg no?
Kontakt den lokale sosialistiske rørsla. Spør om materiell. Les materiell. Jobb aktivt! Meld deg inn!!!