,TILBAKE TIL HOVUDSIDA,HRV, Liste til kommunevalet ,Kva vil vi?,Fylkesprogram,Lenke,Kvifor vere sosialist?
,
Myter om RV,Artiklar,KONTAKT OSS


SKULEVALKAMPEN I HARAM

  • Det vart avholdt skuleval på Haram Vidaregåande Skule (HVS) onsdag 1. september. Debatten var som vanleg prega av at det skullev ere underhaldning for elevane, og at partia prøvde å drite ut kvarandre. Det var lite fokusering på viktige saker, og lokalpolitikken kom lite fram. Høgre, som fekk mest oppslutning kjørte fram "reklamefinansierte skulebøker" og karaktersetjing på lærarar som deira hovudsaker, men dei fekk heldigvis stor motbør frå elevar ved skulen og RV, SV, DNA og Sp. Representanten for Framstegspartiet fekk konkret spørsmål frå ein elev om ho ville ta avstand frå Jonstad, Onstad & Hedstrøm sine rasistiske utspel i valkampen. Dette snakka ho seg heilt vekk i frå.

  •  

  • RV var representert i panelet med Elin Volder Rutle frå Raud Ungdom i Ålesund. Ho påpeika det showprega i valkampen, og at demokratiet i stor grad besto i å putte ein lapp i ei urne kvart 2. år, og at partia då skulle ordne opp for deg. Ho fekk fram problemet med reklame i skulebøker og det venleikstyrraniet som jenter blir møtt med overalt i magasiner, reklameplakater osb. I sluttinnlegget påpeika ho at det var naudsynt å organisere seg i ulike organisasjoner dersom ein ville kjempe for sine interesser, og at folk hadde makt til å endre samfunnet dersom ein kjempa i fellesskap.

  • 6 6 6 6 6 6 6 6

    RESULTAT FRÅ SKULEVALET:

    Parti

    Stemmeantal

    Prosent

    H

    36

    17,6

    FrP

    34

    16,6

    Sp

    41

    20

    V

    22

    10,7

    RV

    19

    9,3

    SV

    18

    8,8

    DNA

    14

    6,8

    KrF

    11

    5,4

    GenP

    4

    2

    SnmL

    4

    2

    P

    2

    1

     

    Til toppen