,TILBAKE TIL
HOVUDSIDA,HRV, Liste til
kommunevalet
,Kva vil vi?,Fylkesprogram,Skulevalkampen,Lenker
,Kvifor vere sosialist?,Myter om RV,Artiklar,KONTAKT OSS
SIRKUSET ER
OVER
Ja, no er sirkuset over for denne gong. Røystene er talt opp og mandata er fordelt. Men det er snodig, dette med valflesk: datostemplinga går sannsynlegvis ut den 13. september over heile landet, og då er det stort sett gløymt frå politikarane si side når den harde politiske kvardag og budsjettforhandlingar startar.
No er det opp til folk sjølve å følgje med kva som blir sagt og gjort. For det såkalla lokaldemokratiet fungerar jo sånn at ein legg ein setel i ei urne, og så kan ein lite gjere dei komande 4 åra. Om politikarane gjer blanke i løpet av perioden, kan dei gjere det for dei sit trygt i 4 år uansett.
Å setje ulike menneskjegrupper opp mot kvarandre når rammene er for små er ein teknikk makthavarane har brukt i tusen år. Då unngår ein nemleg at folk seier frå, at folk sloss mot makta i staden for mot kvarandre. Då unngår ein at folk krev sin rett til eit betre liv.
Raud Valallianse vil, anten vi sit i kommunestyret eller ikkje, synleggjere så godt vi kan korleis dei folkevalde følgjer opp løfta sine. Vi vil at folk skal kunne stole på at dei folkevalde kjempar for veljarane sine interesser og krav, om naudsynt mot statleg byråkrati og kapitalmakt. Det meiner vi innbyggjarane i kommuna og det lokale demokratiet fortener.
(Les heile artikkelen under "ARTIKLAR")