Underlege
handelsvarer.
Oppdatert 27.07.04
Dette er ting eg har kome over i butikkar (dersom ikkje anna er
sagt.) - Og det er heilt sant.
Som ein viss kar frå Nordnorge brukar å seia:
Æ LYG IKKJE!
* Fjellsild.
Eg har god lyst til å skriva til fabrikken og spørja kva for eit fjell dei har
plukka denne silda på.
Glaset silda kjem på, er dessutan fyllt opp med tyttebær og grøne blad. Kvifor
har dei ikkje luka silda før dei hermetiserte henne?
* Mette Sardiner i Olje.
Det var då godt at dei let silda eta seg mett, før dei slakta henne og la henne
i boks! Tenk om du ein dag stod der med ein boks med Sultne Sardiner i
Olje - og sardinene begynte å glefsa etter fingrane dine!
* Saft av tørrede svisker.
Dette kunststykket skulle ein tru måtte vera platt umogeleg! Svisker er i
utgangspunktet tørka plommer. Og ein skal vera temmeleg sterk i klypa, før ein
klarar å pressa saft ut av ei sviske. Eg lurer på kor mange tonn tørka svisker
ein måtte pressa for å få fyllt opp ei slik lita flaske -
*Kakefyll Sjokolade Med ekstra
dominopoeng!
Dominopoeng er underlege greier. Men korleis klarar ein å blande
dominopoeng i kakefyllet? Og korleis smakar det? Hm? - Sikkert ikkje så godt -
for nederst på plakaten sto det: - (minus) 300 Dominopoeng!
Klart at ein må blanda ekstra poeng i kakefyllet, når ein så skal dra
utatt 300 poeng. Går reknestykket i balanse? Eller blir eg skyldig dominopoeng
om eg kjøper kakefyllet? "Herren gir, Herren tar, Herrens navn være
lovet!" Står det i Bibelen -
*Gaffelbitar.
- skulle ein tru var bitar av ein gaffel,
eller eitslags byggesett til gaffel. Ikkje sant? Men nei - gaffelbitar får du
ikkje kjøpt i jernvarebutikken. Langt ifrå. Nei - dette er sild, som er hakka
og partert på det skammelegaste og sperra inne i blekkboksar. Skal tru kva
slags ordkunstnar det er som har kome på namnet - ?
*Isbergsalat.
At Kinakålen veks i Kina, er ingen stor
løyndom. - Men isbergsalat - er det noko som veks på isfjell? Eller på
Grønlandsisen? - Eller skulle det vera salat som blir servert saman med isberg?
Orsak, men eg har aldri fått servert eit isberg, så eg veit ikkje.
*"Hva med betegnelsen Økologisk
hakkede tomater", spør Terje Vold, og
fortsetter: "Eneste økologi i hakkingen jeg kunne tenke meg måtte være
hakking for hånd, men tanken på hakking for hånd av innholdet i noen tusen
tomatbokser burde få bedriftslegen til å rope varsko om yrkesnevrose på
hermetikkfabrikken.
Tusen takk for bidraget! (Juli 2001)
Ja, du har så rett! Og neste punkt på forundringslista: Økologisk hakking må då
vel utførast av økologar, ikke sant? Med eksamenspapir frå økologiske
høgskular? På økologisk framstilt papir? Og undertegna med økologisk penn med
økologisk blekk? Snakk om økologisk yrkesnevrose -
* "Selv har jeg flere ganger moret meg over
varen "Familieribbe" som Rema 1000 pleier å legge ut
oppunder jul. Jeg er kjent med svineribbe, men at man har begynt å bruke hele
familier som råstoff til slikt, kan fortone seg en tanke makabert, med mindre
man er kannibalistisk anlagt. I det siste har jeg også observert pakker med
kjøttdeiglignende innhold hos samme butikkjede, med den treffende
produktbetegnelsen "Familiedeig".
Takk for bidraget, Andreas Westheimer! (August 2003)
Fleire kommentarar torde vera overflødige. Berre dette her skal nemnast
samstundes: Eg har sett små kartongar med "Barnejuice".
Fremstilt av friske barn - ?
* "Krydderprodusenten "Black boy"
sel no "nykvernet hel sort pepper". Pepar som er
både kverna og heil skulle ein tru var å få både i pose og sekk, men ulikt dei
andre krydderprodukta til produsenten, får ein ikkje dette i pose, berre på
glas".
Ja, dette skriv Tor Gjerde (mai 2004)
og lurer på kvar enkelte har tankane sine henne. Kanskje dei har fått for stor
dose av pepar - eller noko anna "nykvernet" -
Takk for bidraget!
Kjenner du til fleire slike snurrige handelsvarer, så vær så snill å senda meg ein E-post!
Vil du tilbake til frontsida? ......JA?