Plakatkunst

Oppdatert 19.12.03

Det blir sagt at håpet er lyserødt. Akkurat som denne sida.

Og jammen kan ein lura av og til. Når folk tar tusjstiften fatt, blir evnen til konsekvensanalyse*) borte. Sjå berre på desse plakatane. Eg garanterer for at tekstane er ekte**) og henta rett frå gata!

Avdeling for fotnoter.
*) Var ikkje det eit flott ord?
**) Dersom ingenting anna er sagt.
Avdeling for hol i hovudet.
Første eksempel på mangelfull norskopplæring:


IDAG!

Prøv komlene som Fjosfrid
har lagt!

Kr. 99,99 pr. kg!

At høner legg egg er noko alle veit, men altså -
(Namnet er endra. Prisen også. Komle= raspeball=baill,
ein matrett som vert rekna som delikatesse langs kysten
frå Sørlandet til Trøndelag, men som "ikkje vert anbefalt for byfolk som er sære i kosten", som det heiter i reklamen for Vossafår -)
Neste eksempel, plakat utanfor frisørsalong:


Ukens tilbud!

Hårsveising

KUN kr. 60, -
pr. stk!

Her har du beviset på at ein ikkje treng å ha noko inni hovudet, dersom det berre er velfrisert, det som er utanpå!
- Og så "Ukens tilbud" - !
Tredje utslag av mangelfull tankeverksemd -

DRITBILLIG DOPAPIR - 8 RULLER 9.90 !


Frå "vanligvis velinformert hold" blir det hardnakka hevda at ein butikk i Stavanger skal ha hatt denne plakaten i vindauga.

Ærleg talt - det får meg til å lura på om forfattaren kanskje ikkje var så dum likevel - ?

Fjerde - lite gjennomtenkte - forslag:


Overrask kona
med en 21 tommers
i dag!

Plakat utanfor en TV-forretning for mange, mange år sidan.

Han sto der ikkje mange dagane -

Femte eksempel, i vindauga på ein bank:


KOM DEG UT!

Brosjyrer og informasjon inne i banken.


No har me fått minibank og brevgiro og nettbank - og bankane vil ikkje ha folk innafor dørene meir, ser det ut til -
Men - burde ein ikkje få lov å henta brosjyre før ein blei bedt om å forsvinna - ?
Dette eksempelet er vel frå ein "frisk-luft"-kampanje, trur eg.
Men eg veit ikkje - eg våga ikkje gå inn og sjå -
Sjette eksempel på mislukka reklameplakat:


KRONPRINS

Mørkerød
Hardt fruktkjøtt
Søt

Det er no ikkje akkurat slik eg har sett for meg kronprinsen vår - reint bortsett frå det at han er søt. (Spør berre jentene!) Mørkerød - ? Neppe, eg trur ikkje eingong at han er sosialist - Og hardt fruktkjøtt - ?
Hm?

Men det er altså snakk om ein eplesort -
Nei, eg kjøpte ingen eple! Å setja tennene i slikt, måtte då vel vera majestetsfornærmelse! Eller - ?
Uansett kor "søt" han er -

Sjuande eksempel, merkeleg samanlikning:
To plakatar - side om side:

SOFT-IS... 95 BLYFRI
KR. 10,-
... KR10,87

Så spørs det då, om der er bly i isen eller om du har is i magen.
Eg er så gamal at eg hugsar den tida då softisen kosta ei krone og bensinen 0,87, og du fekk full tank for ein femtilapp.
(Foill tank?! - Foill tank, ja!")
Men det var før Elvis Presley døde, og lenge før Berlin-muren fall -
Sic tempora mutantur gloria transit - eller kva det nå heiter - sic er det i alle fall!
Åttende eksempel, eit lysande eksempel på informativ skilting!

Ja, godtfolk! Dette skiltet sto i eit butikkvindauga i Haugesund,
9. februar 2001.
Butikken var stengt p.g.a. sjukdom, og - ja, meir treng ein vel
ikkje sei om den saka -

P.S. Haugesunds Avis lurte på om det kanskje var eit utslag
av handelslekkasje -

Niande eksempel, underverk i Stavanger

Ja, godtfolk - "Undrenes tid er ikke forbi" heiter det.
Og langs kaien i Stavanger har turistar i heile sommar (2001) undra seg over dette skiltet.
Bønn? Håndspåleggelse? Hokuspokus? Svartekunster? Filmtricks? Illusjonisme?
Nei - spør ikkje meg. "Fisken dør alltid når jeg skjærer i den" sto det i eit lesarbrev til Stavanger Aftenblad. Det trudde ærleg talt eg og - men i Stavanger er dei visst ikkje enige -
Tiande eksempel - kvitt på svart

Eg veit ikkje kvar dette sørgjelege eksempelet er henta frå -
men at det er henta rett frå gata, kan det vel ikkje vera tvil om.
Det er ikkje lett å retta noko som er skrive med denne slags "blekk"-
viskelær er vel heller fånyttes -
Ellevte eksempel - fysjom!

Eg veit ikkje kvar dette sørgjelege eksempelet er henta frå
heller-
30 kroner - er det for å sjå på griseriet? For det er vel ingen
som kjøper sånt vel?
Vel bønder - her er tilbodet!
Avdeling for anbefalingar.
Fylg med, fylg med! Der kjem stadig nye folk som skiftar ut vetet med tusjstiften - !

 

Vil du tilbake til frontsida? ......JA?

Hol i hovudet? Ja, ikkje sant? Plakatsida til Bjørn Hisdal. E-post: bhisdal@online.no