AINA-bilete , Gjev meg handa di! Samskrivne me i beiske lagnadsboki! Eg legg deg i den sigerprydde grav. Ei grav? Nei, nei! ein ljossal, drepne ungdom! For her ligg AINA; hennar venleik gjer den kvelven til ein festsal, fyllt av ljos. Ligg der, du døde! - gravlagd av ein død.

Stev og stubbar ender tidt at mannahugen byrtest i daudestund; då segjer dei som vyrdslar: d'er siste glimen. Å, min ven, min make! Å, dauden saug seg honning av din ande; di hev han ingi makt med fegra di. Du er kje yvervunni; venleiksmerket på dine lippur rodar, på ditt kinn; og bleike daudemerket stig kje der. So, Tybalt, ligg du der i blodutt sveip? Kva betre tenest kan eg yte deg, enn med den hand som tynte yngdi di òg krase hans som var din fiendsmann? Tilgjev meg, frende!

Soge a, du AINA, kjære, kvi er du enn so fager? Skal eg tru tólause dauden òg av elsk er teken, og at det magre skrymtet gøymde deg i myrkret her te vera gleda hans? Eg ottast det; di vil eg vera hjå deg, og aldri skiljast meir frå denne hall åt dimme natti. Her, her vil eg vera med makkan, dine ternur. Her eg vil min kvilestad for alle ævur reide, og riste av vanlagnadsoket frå livstrøytte kroppen. Augo, skode no!

Peikarar rmar, femne siste gong! De lippur, der anden sviv - ein lovgild kyss er siglet på daglaust skuldbrev til den okrar'n, dauden. Kom, beiske lagsmann, skume vegleidsmann, ørville los! Renn brått og kufst din slitne sjøtrøytte båt mot bergi - krasa han! Eg drikk deg til, du kjære!

Vitjebok , gløgge blandar! Ditt brygg er sterkt! So med ein kyss eg døyr!

attende